2006/11/17

Musikalsk utveksling til Sør-Afrika.

Barytonist i Oster Brass, Birthe Kråkenes, har permisjon frå korpset denne sesongen. Ho er nemleg deltakar i prosjektet "Bands Crossing Borders". Dette er eit kulturutvekslingssamarbeid finansiert av Fredskorpset, med Norges Musikkorps Forbund og den sør-afrikanske organisasjonen Field Band Foundation som samarbeidspartnarar. Prosjektet er no inne i 6. runde sidan starten, og har mellom anna som mål å gjere FBF sjølvforsynt med instruktørar. Samstundes får norske skulekorpsmusikantar høve til å få lærdom frå dei sør-afrikanske instruktørane som bur i Noreg.

Birthe bur no i Pretoria. Der er ho saman med ei anna norsk jente ansvarleg for å undervise lærarstaben i ulike korps i musikkteoretisk kunnskap så vel som i etikk- og moralbaserte emne. Frå mars vil arbeidet deira halde fram i East London. Arbeidet går for ein stor del føre seg i fattige bydelar der det er stor arbeidsløyse, høg kriminalitet og få tilbod til barn og unge.

Vi i Oster Brass reknar med at Birthe har eit innhaldsrikt år, og tvilar ikkje på at ho møter utfordringane på ein god måte. Vi ynskjer ho lukke til i arbeidet, og gler oss til å høyre om opplevingane hennar når ho kjem heim!

Birthe sin blogg.

Ingen kommentarer: