| [13. februar 2004] |
| Onsdag hadde korpset ein fin konsert på Hundvin, saman med Austrheim/Lindås Musikklag og EikangerBjørsvik Musikklag. Her framførte vi for fyrste gong nm-stykket vårt; " Paganini Variations " av Philip Vilby. Men det er på laurdag det verkeleg gjeld! 1. divisjon går av stabelen frå kl. 09.00 - 13.45 og vi vonar så mange som mogleg har funne seg ein plass i salen når Oster Brass entrar scena. Vi gler oss iallefall til å spele og ynskjer både korps og publikum ei flott helg! Dette skjer i helga: Grieghallen, store sal: Fredag, 12.00 - 16.40, 2. divisjon. Fredag, 18.00 - 22.00, Elitedivisjon, pliktnummer. Lørdag, 09.00 - 13.45, 1. divisjon. Lørdag, 14.30 - 18.50, Elitedivisjon, sjølvvalgt. Peer Gyntsalen: Fredag, 16.30 - 21.30, 3. divisjon. Lørdag, 09.00 - 15.20, 4. divisjon |
2004/02/13
Klare til dyst
Stand i Grieghallen
Etter at vi vart Chessforhandlarar i desember har vi jobba med å skaffe oss abonnentar og nye samarbeidspartnarar. I helga har difor Oster Brass og Chess stand i foajéen i Grieghallen. Her skjer det mykje, blandt anna kan du vere med i vår fotokonkurranse: Fang augneblinkar som du meinar viser noko av korleis det å vere med på nm. Vi printar dei ut på standen vår og du kan vinne fotoutstyr frå FotoKnudsen! ( ein må ha digitalkamera)
Du kan og få info om Chess på standen. Kanskje kan du spare pengar på å skifta til eit av Chess sine abonnement? Eller kanskje kan det vere aktuelt for korpset ditt å bli Chess forhandlar? Eit samarbeid med Chess kan spe godt på ei slunken korpskasse, så kom innom standen vår for meir informasjon!
2004/01/26
NM nærmar seg.
13. og 14. februar går NM for brassband av stabelen i Grieghallen. Oster Brass har i år valgt å spela "Paganini variations" av Philip Vilby, og vi er godt i gang med innøvinga av stykket. På NM blir taktstokken overleten til gjestedirigent Oddmund Hjartåker.
Torsdag 5. februar er fyrste sjanse til å høyra oss framføre årets NM-stykke. Då vert det konsert saman med musikklinja ved Manger Folkehøgskule. Konserten byrjar kl 18.00 i gymsalen på folkehøgskulen. Det vert også konsert onsdag 11. februar. Då inviterar Austrheim Lindås Musikklag til "før-NM" konsert på Hundvin, saman med Oster Brass og Eikanger Bjørsvik Musikklag. Tidspunktet for konserten kjem vi tilbake til. Velkomne!
2003/12/19
Oster Brass blir Chess forhandlar!
Korpset har inngått ein avtale om å selge mobiltelefonabonnement for Chess Communication. Avtala inneber at vi får ein provisjon av ringjeforbruket til abonnentane som vi skaffar. Dette kan på sikt gje oss ei stabil inntektskjelde til drifta av korpset. Chess vert rekna for å være Norges billigste på mobil. Dersom du er interessert i eit rimelig mobiltelefonabonnement og samstundes vil støtte oss kan du ta ein kikk her!
2003/11/23
Julekonsert
Søndag 30. november inviterar Oster Brass til julekonsert i St. Paul kirke. Konserten byrjar klokka 20.00. På programmet har vi tradisjonell julemusikk i tilleg til andre innslag. 7.klasse frå St. Paul skule deltek med song, og eit ensemble frå korpset vil også opptre. Vi ynskjer alle velkomne til konsert, og ser fram til å spre julestemning.
Gratis adgang!
Gratis adgang!
Abonner på:
Innlegg (Atom)