Laurdag formiddag kl.13.25 entra vi scena i Grieghallen og kunne endeleg få framføre årets NM stykke "Dances and Arias", skrive av Edward Gregson. Vi hadde hatt ei intensiv oppkøyring til meisterskapen og var godt nøgde med eiga framføring. Mange av oss var eininge om at vi hadde hatt det usedvanleg kjekt under framføringa, akkurat slik det aller helst skal vere!
1.divisjon har mange sterke korps og konkurransen er hard. Difor er ikkje alltid ei god framføring heilt synonymt med ei god plassering, det er rett og slett så mange andre som og er dyktige. Difor jubla vi og var godt nøgde med plasseringa. Vi har mange nye og til dels unge musikantar med oss i år og det er ekstra kjekt at utskiftingar i medlemsmassa og unge medlemmar ikkje betyr at ein må ta eit steg tilbake. Dei har gjort ein kjempejobb og lagt ned ein solid innsats - vi er stolte!
Ei stor takk må og rettast til dirigentane vi har hatt i denne perioden - Jane Westervik for å ha losa oss stødig igjennom innkøyringsfasen og Torstein Aagaard Nilsen for solid arbeid i den siste og mest inntensive fasen. Vi har kost oss!
Vi gratulerar Oslo Brass som vinnar av divisjonen og ikkje minst Eikanger Bjørsvik musikklag som vinnarar i eliten! :)
2008/02/11
2008/02/01
"FØR-NM" KONSERT
Det er ei veke att til NM for brassband, og onsdag skal forma testast. Vi inviterer til før-nm konsert.
Tid: onsdag 6.februar kl 18.30
Stad: Musikkhuset i Knarvik
Gjestekorps: Lindås Brass og Krohnengen Brassband
Oster Brass sin dirigent er Torstein Aagard Nilsen.
Billett: vaksne kr 50 , skulekorpsmusikantar/born : gratis
Velkomne!

2008/01/16
Godt nytt år!
Vi er litt på etterskot med nyttårshelsinga, men vil likevel få ønske alle eit godt nytt år!
Vi i Oster Brass er no godt i gang med førebuingane til NM. Som dei fleste kanskje veit, går NM av stabelen i Grieghallen 8. og 9.februar. Det er altså mindre enn ein månad att, så det er travle korpstider. Vi kjem tilbake med info om konsertar før NM. Er du nysgjerrig på kva vi driv med for tida, eller om du berre vil helse på gamle og nye fjes så er du velkommen til å stikke innom Musikkhuset på måndagskveldane framover :)
Vi ser fram til eit nytt kjekt Oster-år!

2007/12/16
Jane fekk kulturprisen!
Lindås kommune sin kulturpris gjekk i år til vår dirigent, Jane Westervik, som takk for ein mangeårig innsats for korpsrørsla i Nordhordland. Som medlem i EBML, ildsjel for sommarmusikkskulen og som dirigent for Oster Brass har ho lagt ned ei imponerande mengd tid og krefter for det ho brenn for. Ho er inne i sitt femte år som vår dirigent og Jane gjer ein strålande jobb for Oster Brass!
Vi gratulerer hjarteleg med prisen og er stolte av dirigenten vår!
Strilen sin reportasje om tildelinga finn du her.
![]() |
| Foto av Anne-Lise Nordpoll, Strilen |
Vi gratulerer hjarteleg med prisen og er stolte av dirigenten vår!
Strilen sin reportasje om tildelinga finn du her.
2007/12/13
Julekonsert i Misjonshuset
Søndag 16.desember vert det julekonsert i Misjonshuset i Knarvik. Konserten er i regi av Knarvik Skulekorps. her får du høyre aspirantar,juniorkorps og hovedkorps, i tillegg til Oster Brass. Programmet til Oster vert:
Tone Poem - The Present Age av Leslie Condon
I Himmelen, Salmetone/Buen, Arr. Svein H. Giske
Intrada Ein' Feste Burg, av Ray Farr
Konserten tek til kl 16.00. Gratis inngang. Vel møtt!
Tone Poem - The Present Age av Leslie Condon
I Himmelen, Salmetone/Buen, Arr. Svein H. Giske
Intrada Ein' Feste Burg, av Ray Farr
Konserten tek til kl 16.00. Gratis inngang. Vel møtt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)