2010/11/05

Siddis Brass 2010

I dag reiser vi med buss til Siddis. Korpset er i god form og vi ser fram til ei kjekk helg.

Her er Kristin Jordal si skildring av programmet vårt:

Oster Brass åpner med ein fantastisk versjon av Janis Joplins schläger; "Oh Lord" (wont you buy me a Mercedes Bentz) i et lekende, ungdommelig arrangement av korpsets evigunge dirigent Torstein Aa Nilsen. Ein annan kjekk ungdom spelar hovudrolla i byrjing...a av stykket, vår bunnsolide basstrombonist, Harald Rongevær! Høyr-høyr!!=)

Stykke nummer to er "Caravan" (Duke Ellington/Juan Tizol. Arr: Steve Sykes) Ei real utblåsning! Vil kornettane klare å legge bånd på seg? Står ikkje ff for full fyring? Kva då med fff? Drivande slagverk, åleine verdt turen til konserthuset klokka 09.00.. Ja, det er bedrøveleg tidleg.. Like greit å få blåst ut ørevoksen og komma i siget.. Gjer deg sjølv ein tjeneste og få ein sabla god start på dagen=)

I vårt tredje stykke drar me til med "BlindeKari-Hallingen"! Andreas Dyngen demonstrerer Hallingdans på ein måte du aldri før har sett.. Er dette noko du verkeleg tør gå glipp av?? Er det sant spør du deg sjølv no.. Skal Dyngen hiva seg uti halsbrekkande hallingkast? Fleip eller fakta.. Be there=))

Stykke nr fire er uten kornettar.. Trur det heiter "Shennandoan" eller nåkke sånt.. Ja, kornettgruppa er såra og vonbrotne for å vera utestengd frå å spela på eit heilt sykke.. Kan me ta det som noko anna enn ei fornærming? Me vil ta dette opp med Torstein så fort det høver seg. Bortsett frå det, er det ein nydeleg melodi. Og Osters eminente, stødige og vakre juffdronning, Jorunn Nedreås får verkeleg bretta ut klang og musikalitet over eit bredt spekter.. Kompet høres vel og bra ut, tatt i betraktning av at det ikkje er antydning til kornettlyd;)

Til slutt i programmet kjem "Knut liten og Sylvelin (Norge)" (Trad/Gåte: Frode Rydland) Litt av ein type han der Frode Rydland.. Arrangere kan han og! Ja, kva skal ein sei.. Eg synes jo det er usedvanlig stilig eg då.. Må ihvertfall ha vært ein dramatisk dag for Knut liten og Sylvelin, for det går jamnt over mykje for seg gjennom heile stykket! Litt sånn, "Det var en spennende dag for Knut liten og Sylvelin", men likvel ikkje heilt Hanne Krogh liksom!

Har Andreas Dyngen andre skjulte talent utover nevnte hallingkast å trylle fram tidleg ein lørdags morgon? Vil kornettane sine dansemoves gå gjennom sensuren? Og kan det medføre riktighet at Torstein Aa Nilsen skal urframføra sitt nyaste stev medan slagverket omorganiserar utstyret før BlindeKari-Hallingen? La deg sjokkere, imponere og inspirere.. Dagen din vil få meining og når du går ut frå salen er det framleis tidleg morgon.. "Du skal ikkje sova bort novemberdagen!" (Fritt tolka) Eg garanterer du vil hige etter både Mercedes og Halling etter 20 minutter morgontrim med Oster Brass!!!

Ingen kommentarer: