2004/10/05

Oppdatering om sesongstarten.


No er det ei stund sida sesongen starta. Desverre har det vore lite oppdateringer på denne sida. Vi ansvarlege har hatt mykje å gjere no i haust, men det er eigentlig ingen god unskylding c",). Vi satsar derfor friskt no og lover å være flinke til å få ut både nyttig og unyttig informasjon....

2004/07/27

Snart sesongstart!

Sommarferien går mot slutten og vi førebur oss til ein ny korpssesong. Jane Westervik held fram som Oster Brass sin faste dirigent og musikalske leiar, og dette er vi svært glade for!
I løpet av sesongen skal vi også samarbeide med fleire dyktige instruktørar; Egil Magnussen er dirigent på innspelinga av kvalifiseringsstykket til NM og Frode Rydland vert med oss til Siddis Brass. På nyåret tek vi oppatt samarbeidet med Reid Gilje, han skal ha korpset i samband med NM for Brassband.

23.august startar vi haustsesongen, og vi ynskjer gamle og nye medlemmar velkomne!

Vil du spela i Oster Brass?

Besetninga til hausten er begynt å bli klar, men vi har ikkje full besetning endå så om du vil spela i eit aktivt og sosialt korps er det berre å ta kontakt med oss! Vi har særleg behov for Bb-tuba og slagverk. Ta kontakt med Jane Westervik eller Birthe Kråkenes.

2004/05/31

Fin feiring av nasjonaldagen!

For fjerde år på rad reiste Oster Brass til Eidfjord på 17.mai. Som tidlegare gjekk vi i to tog, eit i Eidfjord og eit i Øvre Eidfjord. Etter toga var det tid for ein utsøkt middagsbuffet på Hardangervidda Natursenter Eidfjord, der vi åt oss svært så mette og gode. Siste post på programmet var konsert utanfor grendahuset på Bu, og det vart ei fuktig oppleving.

Regnet, som hadde heldt seg borte tidlegare på dagen, kom no til fulle. Etterpå var det sjokoladekake og pinneis innanhus.
Bygdefolket i Eidfjord Kommune var svært glade for at vi kunne stille opp også i år, og vi fekk super oppvartning heile dagen. Vi håpar vi får koma att neste år og! Bilete frå nasjonaldagen finn du her.

2004/05/04

17.mai er vi så gla’ i

Etter ein vel overstått brassfestival i Skien går vi inn i siste del av sesongen. Tradisjonen tru reiser Oster Brass til Eidfjord på 17.mai også i år. Dette er eit av høgdepunkta i vårsesongen og vi gler oss! Denne veka har korpset hatt si fyrste ”17.mai-øving”, der vi tørka støvet av marsjhefta og nasjonalsongane. I Eidfjord skal vi sjølvsagt marsjere i tog, men og ha eit par konsertar.